Dei nye anbefalingane som no er lagt fram, byggjer vidare på Helsedirektoratets skjermråd som blei lansert i januar i år.
Medan Helsedirektoratet sine skjermråd i hovudsak omhandlar skjermbruk på fritida, dekkjer dei nye anbefalingane også barn sine digitale liv på skule og SFO.
I tillegg går myndigheitene tydelegare inn for å avgrense barn sin tilgang til internett, og det blir åtvara mot bestemte tenester og appar.
– Skjermbruk påverkar søvn, helse, leik og sosial aktivitet. Derfor har regjeringa fått på plass faglege, nasjonale skjermråd, og i dag gjer vi dei enda meir oversiktlege og tilgjengelege, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.
Råda er retta mot foreldre og føresette.
Dette er nokre av anbefalingane for barn og unge mellom 6 og 12 år:
- Det blir anbefalt maks 1–1,5 timar skjermtid per dag.
- Pass på at barnet sin skjermbruk ikkje går ut over viktige ting i kvardagen, som søvn, fysisk aktivitet, skulearbeid, leik, lesing, måltid og tid saman med andre.
- Ein del plattformer kan auke sjansen for at barn kjem i kontakt med kriminelle nettverk, skadelege nettmiljø eller nokon som gir seg ut for å vere andre. Det gjeld sosiale medium som Snapchat og Discord, nettsider som Chatroulette og spel med chatfunksjonar som Roblox og Fortnite.
- Pass på at skjermbruk helst skjer i fellesrom, så det er enklare for foreldre å følgje med.
- La måltid og fellesaktivitetar vere skjermfrie. Her kan vaksne gå føre med eit godt eksempel.
- Unngå at barnet bruker skjerm den siste timen før leggetid, og hald barn sine soverom skjermfrie for å gjere det lettare å roe ned og sovne.
- Skulen bør ha eit filter på nettverket sitt for å beskytte elevane mot skadeleg innhald i skuletida.
Dette er nokre av anbefalingane for barn og unge mellom 13 og 18 år:
- Anbefaler maks 1,5-3 timar skjermtid per dag.
- Det er viktig å vere klar over at nokre plattformer blir brukt til sal av narkotika, som i lukka grupper på Snapchat og appar som Signal, Telegram og Whatsapp.
- Foreldre blir oppmoda til å snakke saman om å vere trygg på nettet før dei gir barnet sitt eigen telefon og tilgang til sosiale medium og meldingstenester.
- Det blir anbefalt at ungdomsskular kontrollerer bruken av private mobiltelefonar og smartklokker nøye. Som hovudregel bør skulen vere mobilfri også i friminutta.
HER kan du finne alle skjermanbefalingane til regjeringa.






















