Snøapen badar for å redusere stress

Japanske snøapar av hokjønn brukar å bade i varme kjelder for å bli mindre stressa.

I fleire tiår har snøapar tatt jamnlege bad i dei varme kjeldene ved Jigokudani i Japan. Dei gjer det så ofte at turistar har begynt å reise dit for å observere snøapane bade.

For første gong er det forska på kva fordelar badinga har. Eitt av funna er at apane slett ikkje let seg stresse av dei kring 500 turistane som årleg kjem for å glo.

Badinga reduserer nivået av stresshormon i kroppen, samtidig som apane brukar mindre energi på å halde seg varme. Dei dominerande ho-apane har førsteretten på å halde seg i varmen, men har også meir stress å bli kvitt, fordi dei oftare hamnar i konflikt.

– Dette tyder på at varme kjelder reduserer stress hos apane, slik dei gjer for menneske, seier Rafaela Takeshita ved Kyoto University i Japan i ei pressemelding hos springer.com.