Arne Svingen: – Alle har eit talent

I boka Bent uten talent stiller Bent seg i kø til talentprogrammet «Hæ-faktor». Problemet er berre at han ikkje veit kva talentet hans er.

Det går først opp for Bent medan han ventar på å få visa seg fram.

– Det er først då han får spørsmålet frå ein i køen, at han finn ut at han kanskje ikkje har noko talent. Men han håpar jo å finna ut at han likevel har eit fantastisk talent før han blir kalla inn til dommarane. Men sidan dommarane høyrer så dårleg – derav namnet Hæ-faktor – får han likevel moglegheiter som han ikkje hadde rekna med, fortel forfattar Arne Svingen.

Illustrasjon: Henry Bronken

Kan blåsa opp fisk

I «Hæ-faktor» dukkar det opp fleire uvanlege talent. Svingen har også sett og høyrt om merkelege ting utanfor bøkene sine.

– I boka er det jo ein som kan blåsa opp fisk. Men i verkelegheita blir eg imponert over folk som kan balansera masse greier på hovudet eller nasen. Men det merkelegaste? Dansa til musikk med øyra, kanskje.

Forfattaren har sjølv ei evne som først og fremst er nyttig for han sjølv.

– Eg er veldig flink til å finna fram i mitt eige rot. Som er ubrukeleg for dei fleste – bortsett frå meg sjølv.

Dersom Svingen sjølv måtte stilla på audition i «Hæ-faktor», veit han kva han ville ha vist fram:

– Electric boogie.

Electric boogie er ein dansestil der ein bevegar kroppen hakkete og robotaktig, nesten som om elektriske støyt går gjennom kroppen.

Illustrasjon: Henry Bronken

Alle har eit talent

Boka handlar ikkje berre om eit morosamt talentprogram. Ho har også eit viktig poeng.

– Poenget med boka er at alle har eit talent, sjølv om ein ikkje er klar over det sjølv. Og det treng ikkje vera spesielt og spektakulært for å telja som eit talent.

For Svingen viste interessa for å laga forteljingar seg svært tidleg.

– Eg begynte med dette idet eg lærte å skriva, det vil seia i 1. klasse på skulen. Eg har framleis historiene liggjande, og dei handla stort sett om cowboyar.

Illustrasjon: Henry Bronken

Dersom han ikkje kunne ha vore forfattar, ville han framleis ha arbeidd med noko skapande.

– Det måtte ha blitt noko anna kreativt. Til dømes å ha regi på filmar og TV-seriar.

Henry Bronken har laga illustrasjonane til Bent utan talent. Teikningane kan gjera dei morosame episodane i boka endå sprøare.

– Henry er veldig flink til å ta episodar i historia og gjera humoren endå villare og morosamare.

Illustrasjon: Henry Bronken