Desse katastrofane har forfattar Anders Totland opplevd på ekte

Brannalarm, ein juletre-tabbe og tusenvis av bier i nabohagen: Anders Totland treng ikkje berre bruka fantasien når han skriv Katastrofedagbøkene.

Då han var yngre arbeidde Anders som kokk. Ein travel dag før jul gløymde han noko ganske viktig.

– Eg gløymde ein gong å slå på vifta på kjøkenet i restauranten på den travlaste dagen før jul.

Det tok ikkje lang tid før katastrofen var i gang.

– Resultatet var at brannalarmen gjekk, brannvesenet rykte ut, og heile kjøpesenteret der restauranten var blei evakuert.

Ingen blei skadde, men Anders var ikkje spesielt høg i hatten etterpå.

– Det kjentest som ein skikkeleg katastrofe for meg som hadde skulda. Dessutan var det litt dyrt.

Det snødde sot over bilane

Ein annan gong ville Anders bli kvitt juletreet etter jul. Planen var enkel: Han skulle brenna det i hagen.

Det gjekk ikkje heilt slik han hadde sett føre seg.

– Resultatet var at det snødde kvite sotflak på dei nyvaska bilane til naboane.

Tusenvis av bier på besøk

Anders har også bier saman med naboen. Dei har stort sett kontroll, men nokre gonger har biene sverma. Det betyr at dronninga og tusenvis av bier har forlate bikuben saman for å finna ein ny stad å bu.

– Det har blitt litt styr dei få gongene biene våre har sverma, og det plutseleg har komme tusenvis av bier inn i hagen til naboen. Men heldigvis ikkje heilt katastrofe!

Skrivestova blei fødestove

Det har også skjedd dramatiske ting heime hos Anders. Då den yngste dottera skulle bli fødd, gjekk det mykje raskare enn familien hadde rekna med.

– Då den yngste ungen vår blei fødd for 12 år sidan, skjedde det så fort at me ikkje kom oss ut av huset. Heldigvis var det ei jordmor i nærleiken, så eg slapp å ta imot ungen åleine. Men ei lita stund der, kjentest det ut som om det kunne bli ganske katastrofalt.

Heldigvis enda det godt for familien.

– I løpet av ein snau halvtime var jenta ute, mora var i god form, og faren var sånn passe sveitt. Og det rommet der jenta blei fødd, det er der eg sit og skriv bøkene mine no. Så det eg kallar skrivestova, kallar resten av familien for fødestova.

Fekk sprøytespissen i skallen

Anders var også flink til å hamna i trøbbel då han sjølv var barn. I sjette klasse skulle han visa nokre jenter kor dårleg han var til å stupa. Det gjekk akkurat så gale som ein kanskje kunne venta.

– Resultatet var at eg bomma på vatnet, trefte ein stein og måtte sy tre sting midt i panna. Det arret har eg framleis, godt synleg. Litt sånn Harry Potter-aktig «look».

Hos legen kom det endå ein katastrofal bonus.

– Då legen skulle setja bedøvingssprøyta før dei skulle sy, knakk sprøyta tvers av, så sprøytespissen blei ståande i skallen. Det var hard kost for ein ung gut.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Fall av skiheisen

Den mest dramatiske, verkelege katastrofen finn me igjen i bok nummer to, Skandale i skitrekket. Der fell rektor av skiheisen.

– Dette skjedde, nøyaktig slik det er skildra i boka, med svigermor mi for nokre år sidan.

Svigermora til Anders var over 60 år og hadde akkurat lært seg å stå på slalåm saman med barnebarna. Så gjekk det gale då dei skulle av heisen.

– Ho fall rett i bakken då me skulle gå av og blei klakka til av heisen. Ho hamna på legevakta, og eg trur ho knakk nokre ribbein, men elles gjekk det heldigvis bra.

Katastrofen var vond for svigermora. Men nokre år seinare fekk ho lesa om opplevinga i ei bok!

Bok 1 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
Bok 2 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
Bok 3 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
Bok 4 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget