Bokmelding: Katastrofedagbøkene 3 – Flukta frå dustefamilien

Ei bok om søskenbarn, mordarar og irriterande småungar.

Ein gut som heiter Samson (9) får besøk av søskenbarnet sitt, Storm, som er nokre år eldre. Han skal byrja på ungdomsskulen. Samson synest at det eldre søskenbarnet er byrja å bli kjedeleg for han vil berre sitja på mobilen sin. Samson vil at dei skal leika som dei gjorde før. Han prøver det han kan for at det skal skje.

Når Storm blir meir oppteken av søstera til Samson og vennina hennar, blir Samson lei seg og stikk av ut i skogen. Der treff han ein skummel framand mann som står med ei snømåke i handa. Denne mannen har eit rykte på seg for å vera ein mordar som har begravd offera sine i hagen… Kva kjem til å skje med Samson?

Det var ganske lett å få med seg handlinga. Spesielt fordi handlinga er spennande og morosam å følgja med på. Det var kanskje litt overdrive at hovudpersonen nesten fraus i hel.
Boka passar best for barn mellom 7-10 år.

Bok: Katastrofe-dagbøkene 3 - Flukta frå dustefamilien
Forfattar: Anders Totland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2026
Sider: 1
Passar for: 7-10 år

Andre bokmeldingar