I serien Den blå krystallen kjem Liva til ei verd som heiter Valea. Der finst det fleire ulike folkeslag. Eitt av dei er femmane.
– Dei liknar langt på veg på menneske, men skil seg ved at dei har magiske krefter. Ei av desse kreftene er følelseskraft, fortel forfattar Nina Borge.
Femmar med denne krafta blir kalla følelsesmakarar. Dei kan kjenna kva andre føler – men kreftene kan også brukast til noko langt skumlare.
– Dei kan manipulera kjenslene til andre og få folk til å gjera ting dei kanskje elles ikkje ville gjort. Dei er derfor ganske skumle å møta.

Inspirert av andre magiske verder
Nina har lese mange fantasybøker og slik blei ho inspirert til å skriva om følelsesmakarane. Hovudkarakteren Liva kan kjenna det andre føler. Det er ei evne Nina kjenner seg litt igjen i.
– Ofte blir eg lei meg når eg ser at andre er det, eg BYRJAR lett å le når andre ler, og eg blir fort sint om nokon er sint på meg.
Nina opplever at kjensler smittar, og fortel at ho sjølv er spesielt følsam for korleis andre har det. I bøkene har ho tatt denne eigenskapen og skrudd han opp mange hakk.
– Eg har berre tatt dette og forsterka det, og gjort det til ei superkraft. Det kan vera ganske slitsamt å ha det sånn, og endå verre når det er tusen gonger sterkare, slik som for Liva.
Ei kjensle som verkar mot einsemd
Dersom Nina kunne laga ei heilt ny kjensle, ville ho ha valt ei god ei.
– Det måtte ha vore noko trygt og varmt, ei kjensle av å høyra heime, av å bli sett og anerkjent. Ei kjensle som er det motsette av einsemd.

Alvorleg kamp
Kampen mot Hydriana har allereie skadd hjartet til Liva. Dersom ho ikkje lærer å kontrollera kreftene, kan det bli endå meir alvorleg.
– Dersom Liva blir overvelda av kjenslene til andre og ikkje klarer å beskytta seg, kan hjartet hennar bli øydelagt, og ho kan døy.
I den første boka om havfolket veit Liva ingenting om korleis ho skal bruka kreftene. Skal ho overleva, treng ho opplæring frå følelsesmakarane.
Det starta med ein draum
Heile den magiske verda blei fødd i ein draum som Nina hadde.
– Eg drøymde om ei jente som blei mobba på veg heim frå skulen. Ho hadde ein blå krystall i ei kjede rundt halsen, og for å komma seg unna mobbarane brukte ho krystallen til å opna ein portal i eit tjern.
På den andre sida av portalen venta ei undersjøisk verd. Berre nokre dagar seinare fekk Nina eit spørsmål frå redaktøren sin.
– Redaktøren min spurde om eg hadde lyst til å skriva ein fantasyserie for Gyldendal. Då visste eg med ein gong kva den serien skulle handla om.
Nina visste også godt kva bok nummer to skulle handla om. Ho hadde også bestemt kva for løyndommar lesarane skulle få svar på – og kva ho skulle spara til seinare.
– Eg har ein plan for fire bøker, så om ein vil ha alle svara, må ein følga Liva heilt ut.

Kjærleik er kjekkast å skriva om
Kjærleik er den kjensla Nina liker best å skildra. Sinne kjem også ganske lett. Det vanskelegaste er å forstå kjenslene til ein person som ønskjer makt over andre.
– Kva er det som driv ein person til å undertrykka andre? Kva er det ved dette som gir personen positive kjensler? Det har eg fundert ein del på.
Dersom Nina kunne besøkt éin stad i Valea, ville ho reist til Flora, byen til havfolket under vatn.
– Det må verkeleg vera storslått å få sjå dei rare bygningane, korallrevet og dei fargerike havfolka.
Men dersom ho måtte velja ein skapning å møta, hadde valet falle på Jupiter.
– Eg elskar korleis hen kan skifta til alle moglege dyr, og eg liker den småfrekke personlegdommen hens.






















