Sigrid Olava (8)
– Kvifor har du møtt opp på Slottsplassen i dag?
– Fordi klassa mi skulle leggje ned blomar for kongen. Det gjorde vi fordi vi synest at det er trist at han er død, og vi ville vere snille med dronninga så ho kanskje blir litt mindre lei seg. Det er veldig, veldig, veldig trist at kongen er død.
– Korleis vil du hugse kongen?
– Kongen var på ein måte alle i Noreg sin bestefar. Han var liksom bestefaren til både vaksne og barn. Kong Harald var veldig snill og stilte opp for alle. Kongen var omsorgsfull og veldig, veldig hyggeleg.
– Korleis blir det å få ny konge?
– Eg er lei meg for at kong Harald er død, men det er litt hyggeleg at vi får ein ny konge også. Det er fint at det er ein ny og veldig populær person som blir konge.

- LES MEIR: Dette skjer når Noreg får ein ny konge
Lukas (13)
– Kvifor har du møtt opp på Slottsplassen i dag?
Eg er her med klassa mi for å vise at vi bryr oss om kongen. Det er trist at han no er død og eg er veldig lei meg for det som har skjedd. Kong Harald har vore kongen vår heile livet, så det kjennest vondt og rart at han er borte no.
– Korleis vil du hugse kongen?
Kongen har betydd veldig mykje for familien min og meg, fordi vi er utanlandske og kongen likte utlendingar. Det betydde veldig mykje å ha så snill ein konge. Det eg kjem til å hugse aller best ved kongen, er den fantastiske tala han heldt i 2016, då han snakka om kven nordmenn er, og kva Noreg er.
– Korleis blir det å få ny konge?
– Det blir annleis, men eg er ganske sikker på at Haakon kjem til å gjere ein heilt perfekt jobb.

Avo Nicholas (7)
– Kvifor har du møtt opp på Slottsplassen i dag?
– Eg har dratt hit saman med klassa mi fordi kongen er død. Han var ein veldig fin konge og eg vil berre seie takk for alt. Eg har med eit brev som eg skal leggje ned framfor slottet. Der står det: «Til kongen. Heile Noreg elskar deg. Du er ein fantastisk konge».
– Korleis vil du hugse kongen?
– Han var veldig snill, ærleg og fantastisk.
– Korleis blir det å få ny konge?
– Det blir litt rart, for ein veit jo aldri kva han vil gjere. Men eg trur det skal gå fint.

Oda (12)
– Kvifor har du møtt opp på Slottsplassen i dag?
– Eg var her for å leggje ned ein blom fordi eg ville heidre kong Harald. Det var veldig rart og trist at kongen er død, sidan han har vore konge heile livet mitt.
– Korleis vil du hugse kongen?
– Kongen var ein veldig snill og hyggeleg person. Det var skikkeleg fint at han reiste rundt i landet og blei kjend med alle nordmenn.
– Korleis blir det å få ny konge?
– Det blir rart å få ny konge, og eg lurar på korleis det blir. Det blir litt merkeleg å si «kong Haakon» i staden for «kong Harald».

Xavier (8)
– Kvifor har du møtt opp på Slottsplassen i dag?
– Fordi eg la ned blomster for kongen. Det er veldig trist at han er død. Han var jo konge for alle i Noreg. Heldigvis lever dronninga framleis.
– Korleis vil du hugse kongen?
– Kongen var veldig snill og hyggeleg.
– Korleis blir det å få ny konge?
– Det blir litt rart å få ny konge sidan dronning Sonja framleis lever. Då har vi plutseleg to dronningar.























