Ein hamster blei starten på katastrofebøkene

Ein hamster som kanskje ikkje var død likevel, blei starten på Katastrofedagbøkene. No har Anders Totland pønska ut katastrofar nok til 20 bøker.

Dette er bøkene i serien:
Bok 1 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
Bok 2 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
Bok 3 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
Bok 4 i serien Katastrofedagbøkene. Bokomslag: Samlaget
LES FAKTALUKK FAKTA

Ideen til den første boka kom frå ei nyheitssak.

– Det begynte med ei sak i nyheitene for nokre år sidan, som eg både las i avisa og høyrde omtalt i podkasten Aftenpodden. I saka var det ein forskar som åtvara folk mot å kasta hamsterane sine i boset, eller grava dei ned, om dei ser døde ut.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Hamsterar kan nemleg gå i dvale. Då kan dei sjå døde ut, sjølv om dei framleis lever.

– Det er det nesten ingen som veit. Og resultatet er at folk gravlegg kjæledyra sine levande.

– Det, tenkte eg, er ein grøssar frå verkelegheita!

Anders skjønte straks at dette måtte bli ei bok.

– Med ein gong eg såg den saka, bestemte eg meg for at dette måtte bli bok. Og sånn blei Hamstertrøbbel til.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Ville ikkje seia farvel

Medan Anders skreiv, blei han glad i folka i historia. Derfor enda det med ein heil serie.

– Eg ville ikkje gje slepp på dei etter siste side. Så då måtte det bli serie.

I sentrum står Samson, som stadig hamnar i trøbbel. Anders kjenner seg ikkje så veldig igjen i han – sjølv om familien hans kanskje er litt ueinig.

– Familien min meiner nok at eg både gjer og seier altfor mykje som er fullstendig upassande.

Som barn likte Anders sjølv å lesa om folk som rota det til.

– Då eg var liten, elska eg å lesa bøker og teikneseriar med folk som hamna i trøbbel, og gjerne på litt morosame måtar. Med Katastrofedagbøkene ønsker eg å gje dei same opplevingane til andre.

Ein ven når alt går gale

Heldigvis har Samson bestevennen Alva når krisa oppstår. Ho er rolegare enn han, men det er ikkje det viktigaste.

– Det som verkeleg betyr noko, er at dei er gode vener.

Både Samson og Alva har andre vener. Likevel meiner Anders at det er ekstra viktig å ha éin skikkeleg god ven.

– Ein som alltid er der, uansett kva som skjer. Då er det utruleg kor mykje styr og rabalder som kan ordna seg.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Må snakka heilt sant

Favorittkatastrofen til Anders kjem i ei julebok seinare. Ho vil han ikkje røpa enno. Men han er også svært glad i det som skjer i den fjerde boka.

Der bestemmer Samson seg for å berre snakka sant.

– Ikkje eingong ei lita, kvit løgn. Alt skal vera heilt sant. Dette er ein ide eg har hatt i mange år.

Det høyrest kanskje enkelt ut. Men kva svarer du dersom nokon spør kva du synest om kleda eller sminka deira – eller om ein middag som smakar heilt forferdeleg?

– Berre prøv sjølv å tenka etter kor lenge du kan unngå å lyga før du hamnar i trøbbel. Eg tippar det ikkje er så veldig lenge.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Har planlagt 20 bøker

Det kjem fire bøker i serien på kort tid. Anders ser likevel ikkje ut til å gå tom for idear.

– Samtidig som eg har skrive desse, har eg pønska ut kva som skal skje i dei 20 første bøkene i serien, dersom alt går slik eg har tenkt.

Faktisk skjer det motsette: Jo meir han skriv, jo fleire idear dukkar opp.

– Eg har ikkje noko forklaring på det, men det går liksom aldri tomt. Dess meir eg skriv, dess meir putrar og kokar det i hjernen med rare påfunn og nye bokidear.

Utfordringa er at bøkene følger årstidene og må komma i rett rekkefølge.

– Dermed må eg følga årstidene, og sørga for at eg får plass til alle bøkene eg ønsker å skriva, før Samson og Alva blir for gamle.

Bård Sletvold Torkildsen har laga illustrasjonane. Han legg til små detaljar og rare påfunn som ikkje står i teksten.

– Det gjer historia større enn det eg åleine klarer å finna på. Eg likte aldri gruppearbeid på skulen, men dette gruppearbeidet med Bård er faktisk veldig kjekt.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen