Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) har sett saman ei gruppe med ekspertar som skal halde orden på kva som er verdsrekordane, skriv Forskning.no.
Her er noko av rekordane dei har funne:
Sterkaste vind: Blei måla på øya Barrow på vestkysten av Australia i 1996. Vindkastet hadde ein styrke på 113,2 sekundmeter (408 km/t).
Mest regn på 24 timar: Det kom cirka 1,8 meter nedbør på øya Reunion i Indiahavet i januar 1966. Same øya har også rekorden for mest nedbør i løpet av tre døger, med nesten fire meter i februar 2007.
Kaldaste stad: – 89.2 grader celsius blei måla på Vostok-stasjon i Antarktis i 1912.
Varmaste stad: 56,7 grader celsius blei måla på Furnace Creek Ranch i Death Valley i California i 1911.
Flest drepne av eitt enkelt lynnedslag: Denne tragedien skjedde då lynet slo ned i ei hytte i Zimbabwe i 1975 og 21 menneske omkom. WMO anslår at 90 prosent av alle bygningar i Afrika sør for Sahara ikkje er sikra mot lynnedslag.
Flest døde i uvêr: Heile 300 000 menneske omkom under ein tropisk syklon som ramma Bangladesh i 1970.