– Langs kysten og på fjellet, der det ikkje er så mykje tre, hekkar dei fleste fuglane på bakken. Bakken er full av fugleungar no, seier Marin Eggen til NRK.
Særleg tjelden er utsett. Arten er rekna som nær trua.
Naturen er heimen til mange dyr
No er det midt i hekketida. Fuglane byggjer reir, legg egg og passar på ungane sine. Derfor er dei ekstra sårbare.

– Naturen er ein levestad. Vi kan synast at det er fint med frisbeegolf, vasskuter og laushundar eller kva som helst, men først og fremst er det ein levestad for veldig mange artar, seier Eggen til NRK.
Han oppmodar folk om å halda seg på stiar når dei er på tur, slik at dei ikkje trakkar på reir eller skremmer fuglane.
- LES OGSÅ: Slik kan du hjelpa fuglane der du bur
Katten kan ta mange fuglar
Eggen ber også katteeigarar om å ta ekstra omsyn.
– Du kan bruka ein kattekrage, eller halda katten inne på natta, og tidleg på morgonen. Det er då han tek mest fugl, seier han til NRK.
Han foreslår også å bruka band eller innhegning når katten er ute.
Ein rapport frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø anslår at tamkattar drep mellom 4 og 14 millionar fuglar i Noreg kvart år.
Hald hunden i band
Lause hundar kan også vera ei utfordring i hekketida. Dei kan skada reir eller skremma foreldrefuglane bort frå egg og ungar.
Bandtvangen varer frå 1. april til 20. august.
Eggen håpar fleire vil visa omsyn i naturen medan fuglane har den travlaste tida på året.






















