Slik kan du hjelpa fuglane der du bur

Små ting kan gjera stor forskjell for fuglane. Biolog og forfattar Hanna Bjørgaas meiner barn og unge kan vera med og hjelpa naturen kvar einaste dag.

Hanna Bjørgaas håpar fleire barn og unge vil bli kjende med fuglane rundt seg. I boka Fuglenes hemmeligheter skriv ho om kor spennande og smarte fuglar kan vera.

Bokomslag: Kagge

– Noko av det viktigaste er å bli kjent med dei. For når me blir kjende med fuglane, skjøner me at dei er levande vesen som opplever smerte, glede og redsel, slik som oss sjølve.

Ho meiner det er lettare å bry seg om dyr når ein forstår meir av livet deira.

– Me kjenner på omsorg. Det kjennest fint for oss sjølve, og det gjer at me tek smarte val seinare.

Bjørgaas peikar også på at mange fuglar slit fordi naturen blir endra av menneske.

– Dei aller fleste fuglane er nok redde for menneske. Med god grunn, for me menneske er skuld i at fuglebestandane stuper.

Ein fuglebestand er alle fuglane av same art som lever i eit område.

Ho meiner at barn og unge kan hjelpa mykje.

Ugler er nattaktive fuglar med svært god høyrsel og godt nattsyn. Illustrasjon: Nina Marie Andersen

– Meir konkret kan barn og ungdom passa på at katten er innandørs når småfuglane har ungar.

Ho har også fleire andre tips.

– Ein kan hengja opp fuglekasser og fuglemat, hjelpa til med å planta blomar som insekta liker – for mange fuglar et insekt – og passa på at dei vaksne ikkje høgg tre og fjernar buskar og villnis som fuglane likar.

Ho håpar fleire vil stoppa opp og leggja merke til fuglane rundt seg.

– Fuglane gjer mykje meir spennande enn folk trur. Det gjeld berre å leggja merke til det.

Måkar finst langs heile norskekysten. I boka får lesarane lære meir dei. Illustrasjon: Nina Marie Andersen