Kva snakkar eigentleg kråkene om? Kvifor hermar staren etter motorsager og popsongar? Og korleis klarer trosten å finna mark under bakken?

I boka Fuglenes hemmeligheter tek biolog og forfattar Hanna Bjørgaas lesarane med inn i ei verd full av rare lydar, smarte fuglar og hemmelege språk.
– Eg fekk ideen til å skriva ei barnebok om fuglar fordi eg opplever at mange barn er opptekne av fuglar. Eg har til dømes aldri treft ein tiåring som ikkje synest det er morosamt at kråkene snakkar saman på eit hemmeleg språk.
Fuglar gjer mykje rart
Ho fortel at ho hadde lyst til å skriva om dei vanlege fuglane rundt oss.
– Eg hadde lyst til å skriva ei bok om dei nære fuglane, dei me kan sjå kvar einaste dag. Fordi fuglane rundt oss gjer så utruleg mykje rart, og fordi det gjer livet så mykje artigare når ein veit litt om kva dei held på med.
Under arbeidet med boka oppdaga ho mange overraskande ting.
– Kanskje då eg gjorde research på kvifor fuglane hermar, og høyrde opptak av stare som hermar etter alt mogleg. Dei hermar etter lyden av motorsager, kattar som mjauar og «Barbie Girl». Då lo eg høgt og mykje!

Spioner på fuglane
Bjørgaas håpar boka kan få barn til å sjå fuglar på ein ny måte.
– Eg håpar at barn sit igjen med lyst til å stoppa opp og spionera litt på fuglane. At dei ser at fuglar blir redde, sinte og glade, akkurat sånn som oss.
Ho meiner også at det viktigaste ikkje nødvendigvis er å kunna namnet på fuglane.
– For meg er det viktigare at barn (og vaksne) SER fuglane med nysgjerrigheit enn at dei veit kva fuglen heiter. At dei stoppar opp og spør seg sjølve: Kva driv denne fuglen med?

Ho prøver å skriva fakta på ein måte som gjer at lesaren ser bilete inne i hovudet.
– I staden for å skriva at trostane har god høyrsel, skriv eg om ein trost som hoppar rundt på plenen på jakt etter mark. Trosten stoppar opp, snur hovudet mot bakken, og plutseleg høgg han til og dreg opp ei mark frå bakken. Kva gjer han? Jo, han LYTTAR!






















