Ho fekk feil kjæledyr – så byrja kaoset


Mange barn drøymer om sitt eige kjæledyr. Det gjorde forfattar Anna Berg Gjendem òg. No har ho skrive bok om Iris, som ønskjer seg kjæledyr meir enn noko anna.

I boka Kjære Pølsa: Gi meg et kjæledyr! får Iris eit kjæledyr ho ikkje hadde venta seg.

Kvifor ville du skrive ei bok om å få kjæledyr?

– Eg likar å skriva om store draumar! Mange barn drøymer om å få sitt eige kjæledyr, og eg var absolutt ein av dei. Eg hugsar framleis den fantastiske kjensla eg fekk då eg som 11-åring pakka opp eit akvarium på julaftan.

Illustrasjonar: Anna Berg Gjendem

Kva slags kjæledyr ville du sjølv hatt om du kunne velje heilt fritt?

– Oj, kanskje ei flaggermus på balkongen? Dei synest eg er veldig søte.

Kva er det morosamaste som skjer i boka?

– Det morosamaste er nok når Iris får feil kjæledyr. Då byrjar alt å gå skikkeleg gale!

Skriv du dagbok?

– Eg har skrive dagbok heilt sidan eg lærte å skrive. I boden i kjellaren min har eg ei heil kasse full av gamle dagbøker.

Kvifor heiter dagboka Pølsa?

– Det er fordi Emma, storesøstera til Iris, HATAR pølser! Derfor tenkte Iris at viss ho kalla dagboka si for Pølsa, ville systera aldri våga å lesa i henne.

Illustrasjonar: Anna Berg Gjendem

Har du nokon gong masa så mykje om noko at du til slutt fekk det?

– Ja, det har eg. Eg hadde frykteleg lyst på hol i øyra då eg var lita, men foreldra mine syntest det var ein dårleg idé fordi eg hadde så mange allergiar. Til slutt ringde eg til ein lege sjølv for å spørja om det gjekk fint. Då legen sa at det ikkje var noko problem, hadde foreldra mine ingen unnskyldningar igjen – så då fekk eg hol i øyra!

Kva er det raraste kjæledyret du kunne tenkt deg å ha?

– Kva med ein blåkval? Då kunne eg sete på ryggen til kvalen medan han tok meg med på fantastiske oppdagingsferder.

Illustrasjonar: Anna Berg Gjendem

Kva er det beste med å vere forfattar?

– Det må vera at eg får bruka fantasien min til å dikta opp sprø historiar!

Kva var favorittboka di då du var barn?

– Eg var veldig glad i Harry Potter-bøkene.

Kjem det fleire bøker om Iris og Pølsa?

– Ja, det gjer det!