– Eit KI-bilete er eit bilete som blir laga av eit dataprogram. Programmet har lært frå enorme mengder informasjon og bilete. Slik veit det korleis menneske, dyr, bygningar og mykje anna ser ut, forklarar Robin.
Når me skriv ei skildring, brukar KI-en denne kunnskapen til å laga eit nytt bilete.
– Teksten fungerer som ein instruksjon. KI-en prøver å forstå kva du ønskjer og lagar eit bilete ut frå det.

Må ein vera flink for å få gode bilete?
– Ja, litt. Du må ofte prøva og feila fleire gongar før du får det resultatet du ønskjer.
Han forklarar at det handlar om å gi gode beskjedar til KI-en.
– Jo meir detaljert du er, jo lettare er det for KI-en å forstå kva du vil ha.
Kva er ein god beskjed?
Prompt er namnet på beskjeden du skriv til KI-en.
– Ein god prompt er ganske spesifikk. Du må prøva å sjå biletet du vil laga for deg og skildra det så godt du kan.
– Dersom du berre skriv «lag ein basketballspelar», kan du få mange ulike resultat. Men dersom du skriv at du ønskjer eit svart-kvitt bilete av ein basketballspelar i ein bestemt stil, blir resultatet mykje nærare det du ser føre deg.

Har barna laga bileta sjølve når dei brukar KI?
– Dei har ikkje teikna bileta sjølve, men utan ideane deira hadde ikkje bileta eksistert.
Han meiner derfor at barna har vore med på å skapa bileta.
– KI-en lagar sjølve biletet, men barna bestemmer korleis det skal sjå ut.
Kvifor brukar folk KI?
– Det går veldig mykje raskare enn å teikna alt frå botnen av.
Han seier at KI ofte blir brukt til idémyldring.
– Du kan starta med ein idé og så jobba vidare saman med KI-en til du får noko du likar.
Er det noko negativt med KI?
Robin peikar på to ting. Den første handlar om kunst og opphavsrett.
– KI lærer av bilete som allereie finst. Nokre kunstnarar meiner at KI kopierer stilane deira utan løyve.
Den andre handlar om miljø.
– Å laga KI-bilete krev mykje datakraft og brukar energi.
Derfor meiner han at det er lurt å tenkja gjennom kva ein vil laga før ein byrjar.
KI er kome for å bli
Robin meiner KI kjem til å bli brukt til mykje meir enn berre bilete.
– Me ser det allereie innan tekst, musikk, læring og på mange andre område. KI er kome for å bli.






















