FN sitt klimapanel har laga ulike scenario på kva som kan skje med verda som følgje av klimaendringar. Eit scenario er eit eksempel på ein situasjon som kan skje.
Det verst tenkelege scenarioet til FN sitt klimapanel tek utgangspunkt i at ingen gjer noko for eit betre klima. Forskarar meiner at verda då kunne bli 4,5 til 5 grader varmare i 2100, samanlikna med tida før industrialiseringa (1700-talet).
FN sitt klimapanel har no lagt bort dette verst tenkelege scenarioet for klimaendringar, ifølgje NRK.
Grunnen til at dei ikkje lenger trur at det kan skje, er fordi det har blitt billigare med fornybar energi, fleire land har ein annan klimapolitikk, og det blir kutta i CO₂-utslepp. Difor kjem FN truleg ikkje til å inkludere dette scenarioet i sin neste store klimarapport.
Det betyr ikkje at det ikkje skjer klimaendringar. Utsleppa aukar framleis, men ikkje like mykje som for nokre tiår sidan.






















