Kvifor høyrer så mange på russelåtar med stygge tekstar?

Mange barn og ungdommar høyrer på russemusikk, sjølv om tekstane ofte handlar om sex, festing og banning.

Kvart år kjem det nye russelåtar som blir populære på TikTok, YouTube og Spotify. Mange barn kan tekstane utanåt lenge før dei sjølve blir russ. Nokre av låtane har tekstar som mange reagerer på.

I ein artikkel på Forskning.no blir denne tekstlinja trekt fram: «Stygge, feite damer er jeg dritt lei, se på deg – du må kanskje dra din vei».

Har forska på russelåtar

Forskar Annette Winkelmann ved Universitetet i Søraust-Noreg har forska på russelåtar og russekultur. Ho har undersøkt tekstar med grovt språk, pornografisk innhald og ytringar som snakkar nedsetjande om kvinner.

Ho byrja å interessere seg for temaet då Tix-låta «Sjeiken» toppa hitlistene i 2015 med teksten «I kveld er det lov å være hore».

– Populariteten til russelåtane framstår som eit paradoks i eitt av verdas mest likestilte land, seier Winkelmann til forskning.no.

Eit paradoks er noko som verkar rart eller motseiande. Det er når to ting som eigentleg ikkje passar saman, skjer samstundes.

Eit slags NM i merksemd

Ifølgje forskaren handlar mykje av russekulturen om å få merksemd. Ho kallar det eit «NM i PR», der russegrupper konkurrerer om å bli synlege og få følgjarar i sosiale medium. Winkelmann meiner fleire ting verkar saman: sosiale medium, «guttastemning», russegrupper og mangel på kritiske tilbakemeldingar.

Forskinga viser at sterke tekstar, sjokk og provoserande humor ofte blir brukte for å få merksemd.

– Her handlar det om å henta følgjarar, vera synleg og bli kjend. Merksemd er den viktigaste valutaen, og russelåten er motoren for å skaffa han, forklarer ho.

Gutar og jenter blir vurderte ulikt

Gutegrupper får ofte status gjennom humor, musikk og det å «dra stemninga». Jenter blir i større grad vurderte etter utsjånad og sosial tilpassing. Fleire av jentene i studien beskriv blanda kjensler:

Dei ønskjer å delta fullt ut i russetida. Samtidig opplever dei ubehag knytt til språkbruk, forventningar og overskriding av grenser.

Kva tenkjer du om russelåtar?

Kva tenkjer du om russelåtar?

Dei er morosame7
Dei har fengande melodi0
Nokre tekstar er stygge0
Eg høyrer ikkje på dei4
Svar totalt: 11