30 hundar og kattar er redda frå krigen i Ukraina

Ein tidlegare britisk marinesoldat drog nyleg til Ukraina for å redde forlatte dyr i krigsherja område av landet. 30 hundar og kattar blei redda i operasjonen.

Krigen i Ukraina
  • Krigen er mellom Russland og Ukraina, og begynte då Russland invaderte Ukraina i februar 2022.
  • Å invadere betyr å gå inn i eit anna land med militære styrker og utføre valdelege handlingar – dette fører ofte til krig, slik vi har sett i Ukraina.
  • Krigen i Ukraina held framleis fram
  • Over 10 millionar ukrainarar har måtta flykte på grunn av krigen.
  • Minst 15 000 sivile har mista livet (sivile betyr vanlege menneske som ikkje er med og krigar).

Kjelde: Vesle norske leksikon og fn.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Paul «Pen» Farthing har tidlegare jobba i det britiske sjøforsvaret. No har han teke turen til Ukraina for å redde dyr som er forlatne som følgje av krigen i Ukraina, skriv BBC.

Saman med to veterinærar og ein representant frå dyrevelferdsorganisasjonen Nowzad klarte briten å redde 30 kattar og hundar i frontlina av krigen. Frontlina er der krigen går hardast føre seg.

Det vart ein vellukka operasjon då dei fire klarte å frakte dei 30 dyra frå byen Kramatorsk til Smila. I byen Smila vart dyra tekne hand om.

Paul «Pen» Farthing har vore ute på liknande oppdrag tidlegare. I 2021 var han i Afghanistan, der han hjelpte 67 menneske og 150 dyr ut av det krigsherja landet.