Noreg førebur seg på supervarmt VM

Når Noreg speler fotball-VM i USA kommande sommar, kan spelarane måtta spela i nesten 40 varmegrader. No trenar landslaget på korleis dei skal takla den ekstreme varmen.

Fotball-VM i 2026 skal arrangerast i USA, Canada og Mexico. Fleire av kampane skal spelast i byar der det kan bli veldig varmt om sommaren.

– Me må førebu oss på det ekstreme, seier landslagslege Ola Sand til VG.

For å hjelpa spelarane planlegg landslaget mellom anna isbad, ekstra drikke og kortare treningar. Spelarane kan også reisa tidlegare til USA for å venna seg til varmen.

Ifølgje VG viser forsking at fotballspelarar spring mindre og blir fortare slitne når det er veldig varmt.

– Bruk badstove no, seier forskaren Lee Taylor til VG.

Han forskar på korleis kroppen reagerer i sterk varme.

Landslagslegen seier at det blir viktig å følgja nøye med på at spelarane får i seg nok væska.

– Me overvaker væskebalansen nøye, seier Ola Sand.