David Attenborough fyller 100 år

I over 70 år har David Attenborough skildra naturverda på TV-skjermane våre og blitt ei kjend stemme på tvers av generasjonar.

I dag, fredag 8. mai, fyller David Attenborough heile hundre år. Fram til no har han vigd mesteparten av livet sitt til å vise fram naturen på TV.

Men kven er eigentleg denne briten, og korleis blei han stemma bak nokre av verdas største naturdokumentarar?

Kven er David Attenborough?

David Attenborough blei fødd 8. mai 1926 i Storbritannia. I 1947 gjorde han seg ferdig med ein grad i naturvitskap frå Clare College (University of Cambridge). På universitet fordjupa Attenborough seg i geologi og zoologi.

Geologi er læra om jorda si oppbygning, samansetning og historie. Zoologi er lære om dyr og korleis dei lever.

Han starta å jobbe for BBC som praktikant i 1952. BBC er den statslege TV-kanalen i Storbritannia, akkurat som NRK i Noreg.

Prins William (til venstre) og David Attenborough ser på dokumentaren Our Planet på eit møte i World Economic Forum i 2019. Foto: Markus Schreiber / AP Photo / NTB

Dei siste 70 åra har han vore stemma og drivkrafta bak fleire prisvinnande naturhistoriske BBC-program som Life on Earth, The Private Life of Plants og The Blue Planet.

I 2026 produserer hundreåringen framleis program om planeten vi bur på.

I løpet av sin karriere har Attenborough fanga nokre av naturen sine beste augeblikk på video.

Han har møtt på den sjeldne fjellgorillaen, sett verdas største blomstrande plante, som berre blomstrar i tre dagar kvar tusende dag, og oppdaga nye arter.

Over 20 arter er kalla opp etter Attenborough i dag.

Ein forkjempar

Attenborough har tidlegare sagt at han ikkje produserte program for BBC med naturvern i tankane. Han ønskte berre å sjå korleis dyra og plantane på jorda lever liva sine.

Etter kvart såg Attenborough at habitata han filma var trua av klimaendringar. Sidan då har han vore ein aktiv forkjempar for bevaring av naturen.

Gjennom å vere ambassadør for WWF, kringkasting av naturprogram og ved å åtvare mot global oppvarming både på TV og talarstolar, har Attenborough sett fokus på konsekvensane av klimaendringar i over 70 år.

Håpet hans er at programma vil vere med på å overtyde fleire om at naturen er verd å ta vare på.

David Attenborough på FN-konferansen om klimaendringar, COP26, i 2021. Foto: Foto: Yves Herman / Pool via AP / NTB