Våpenkvile mellom Iran og USA

Iran og USA blei natt til onsdag einige om ei vilkårsbunden våpenkvile i to veker, skriv BBC.

I dei to vekene kan skip reise gjennom Hormuzsundet. Sundet er viktig for verdas oljetransport.

Israel og USA har angripe Iran og Libanon i fleire veker. Våpenkvila blei annonsert berre timar etter president Donald Trump trua med at «ein heil sivilisasjon vil døy i natt» om Iran ikkje opna sundet.

Trass våpenkvila har Israel gjennomført nokre av dei største angrepa mot Libanon sidan krigen begynte. Israel hevdar avtalen ikkje gjeld Libanon.

Som svar har libanesiske Hizbollah sendt rakettar mot Israel. Hizbollah har tette band til Iran.