For at plantar skal bli store, fine og gi gode grønsaker i sommar løner det seg og så dei på våren. Å så betyr og sette frø i jorda så det skal spire og bli ei større plante.
Nokre plantar bør ein så allereie i februar, mens andre er det tidsnok å så no i april. I april kan det framleis vere ustabilt ver og difor er det best å så frøa inne i små behaldarar med jord. Dette heiter forkultivering.
I mai og juni, når frøet har utvikla seg til ei plante, kan du sette ho i jord ute. Anten rett i bakken eller i ei potte. Du må hugse på at ulike planter krev ulikt stell. Til dømes likar nokre planter mykje sol og nokre treng spesielt mykje vatn.
Desse fem plantane er fine å så i april:
1Salat
Salat kan du faktisk så fleire gonger gjennom heile sesongen sidan han veks så fort. I sommar, når du har ete opp salaten du sår no, kan du så nye frø rett i jorda ute.
2Tomat
Tomat er det lurast å så i februar og mars, men det er ikkje for seint i april. Ein skal gjerne så tomat omtrent åtte veker før ein plantar dei ut.
3Brokkoli
Brokkoli er ein type kål og rekna som den lettaste kåltypen og dyrke. Brokkoli bør plantast inne fem til seks veker før han plantast ut.
4Solsikke
Solsikker kan ein så i april, men det er ikkje for seint å så i mai heller. Då kan ein så direkte i jorda ute.
5Agurk
I april er tida inne for å så agurk, men det er ikkje for seint i mai heller. Agurkplanta trivst ikkje så godt ute i det norske klimaet. det er difor best å ha planta i drivhus eller vindaugskarmen.






















