– Hjelp, nokon et meg!

Tomatar som blir etne av larver, varslar resten av planten, slik at den kan forsvara seg.

Det er lett å tenka at plantar er dumme skapningar som berre står der, utan å merka noko av det som føregår rundt dei. Men i dei siste åra har forskarar oppdaga at plantane er smartare enn vi har trudd.

Dei kan til dømes oppdaga at dei blir angripe av larver, og senda ut luktsignal som varslar andre plantar i nærleiken, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarar har òg funne ut at det går elektriske og kjemiske signal frå ein del av planten til ein annan. Slik kan den eine sida av eit tre vita noko om kva som går føre seg i ei heilt anna grein.