Mattilsynet åtvarar mot popkorngras

Mange legg popkorn i blomsterpotter i staden for i mikrobølgeomnen.

Viss du legg upoppa popkorn i ei krukke med jord, vil det vekse opp maisplanter. Popcorngras blir det kalla, og har blitt svært populært å dyrke i det siste. Så mange vil ha popkorngras at fleire butikkar melder at dei er utselde for popkorn.

Men Mattilsynet åtvarar mot å dyrke popkorngras.

– Varer som blir selde som mat er vanlegvis ikkje meint for dyrking. Det gjeld også popkorn, seier seksjonssjef Line Ruden i Mattilsynet til NRK.

Viss du dyrkar matvarer frå butikken, som popkorn eller nye plantar frå tomater du har kjøpt, kan det skape problem i naturen.

– Matvarer er ikkje kontrollerte med tanke på at dei skal vere trygge å plante i jorda. Dei kan ha med seg sjukdommar som smitter mellom planter, men som ikkje nødvendigvis er farlege for menneske, seier Ruden til NRK.

Det beste er derfor å så frø som er produserte på gartneri.