Tidlegare rappar blir statsminister i Nepal

Balendra Shah har blitt statsminister i landet Nepal. Han er 35 år gamal og litt annleis enn mange andre politikarar.

Nepal
  • Hovudstad: Katmandu
  • Innbyggjartal: 29,7 millionar
  • Statsform: republikk
  • Språk: nepali
  • Nasjonaldag: 28. mai
  • Høgaste fjell: Mount Everest

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Før jobba Balendra Shah nemleg som rappar og laga musikk om problem i samfunnet, som urettferd og korrupsjon.

Korrupsjon er å gi eller ta imot bestikkingar for å få noko ein ikkje har krav på. Ei bestikking kan vere pengar gåver eller tenester. Det er ulovleg å gi, tilby og å ta imot bestikkingar.

Mange unge likte det rapparen song om. Etter kvart begynte Shah med politikk og blei populær også innan dette feltet.

Frå rappar til politikar

Shah blei først ordførar i hovudstaden Katmandu, før han blei statsministerkandidat for partiet Rastrya Swatantra Party (RSP).

Det politiske partiet RSP vart laga i 2022 og utfordrar dei gamle partia. Dei vil at det skal bli meir open og ærleg politikk i Nepal.

No i mars vann RSP valet og den tidlegare rapparen blir den nye statsministeren i landet, skriv BBC.

Støttespelarane hans meiner han kjem til å skape store endringar og føre Nepal i ei ny og betre retning. Andre er skeptiske til om det fire år gamle partiet ikkje har kunnskap noko til å styre landet.

Gen Z-opprøret

I september i fjor var det store protestar i Nepal kalla Gen Z-opprøret. Då demonstrerte den yngre generasjonen mot styresmaktene – dei som styrte landet.

Demonstrantane meinte at styresmaktene var prega av korrupsjon og rike menneske. Gen Z-opprøret førte til at dei som styrte måtte gå av og har lagt grunnlaget for at RSP og Shah vann valet no.