Ny plast kan forsvinna i havet

Forskarar i Japan har laga ein ny type plast som kan brytast ned i sjøvatn utan å bli til mikroplast.

Plast er eit stort problem i naturen, spesielt i havet. Vanleg plast er laga for å vara lenge, og det gjer det vanskeleg for naturen å bryta han ned.

No har japanske forskarar laga ein heilt spesiell type plast. Den er laga av cellulose, eit stoff som finst i plantar, skriv Ung.Forskning.no.

Den nye plasten er både sterk i bruk og kan brytast ned i sjøvatn.

– Det er vanlegvis vanskeleg å få til samtidig, seier forskar Alessio Gomiero til Ung.Forskning.no. Han forsker på plast i havet ved NORCE.

Mikroplast

Når plast blir broten ned, betyr det at han går i oppløysing i bitte små delar. Men vanleg plast blir ofte til mikroplast, som kan skada dyr og natur.

Den nye plasttypen skal ikkje laga slik mikroplast. Derfor meiner forskarar at funna er lovande, sjølv om dei framleis ikkje veit heilt kva som skjer med alle stoffa etter nedbryting.

Forskarane håpar den nye plasten kan bidra til mindre plastforureining i framtida.