Færre plastkorkar rundt Oslofjorden

Har du irritert deg over at bruskorken sit fast i flaska? No viser det seg at det kanskje ikkje er så dumt likevel. Strandryddarar meiner at påbodet om at plastkorken må vere festa til flaska, har hatt effekt.

Denne saka vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis, Framtida.no.

I 2012 kunne dei finne over tusen korkar under ei måling på Akerøya i Oslofjorden, medan det no er under 100 stykk, viser tal frå Miljødirektoratet.

Coca-Cola innførte den fastmonterte korka på flaskene sine i 2022. I 2024 kom eit direktiv frå EU med påbod om at alle drikkevarer i plast skal ha fastkork.

Ifølgje Miljødirektoratet skuldast ein del av nedgangen påbodet om fastkork, men dei kan ikkje seie kor stor del, skriv NRK. Også før påbodet minka delen korkar som blei registrert i målingane.

Strandryddarar påpeiker at dei no sjeldan finn korkar dei kjenner att.