– Folk snakkar med ChatGPT for å få råd, rett og slett. Så eg vil seie at det er ganske uetisk å putta reklame inn i noko så kommersielt. Det er på grensa til manipulasjon og utnytting, seier Inga Strümke, forfatter og KI-ekspert til NRK.
Manipulasjon er når nokon prøver å påverka deg utan at du merkar det. Kommersielt er noko som handlar om å tene pengar, til dømes ved å selje varer, tenester eller reklame.
Vil tena meir pengar
Når me snakkar med ein chatbot, kan det kjennast meir personleg enn vanleg reklame. Derfor kan tilrådingar verka meir truverdige.
- LES OGSÅ: Kva er eigentleg kunstig intelligens?
ChatGPT er ein av dei mest populære tenestene i historia, med 900 millionar brukarar sidan lanseringa i 2022, ifølgje TechCrunch. Men berre eit fåtal av brukarane betaler for dei enorme mengdene datakraft språkmodellen treng. Derfor treng OpenAI, som er selskapet som står bak ChatGPT, meir inntekter.
– Om ein står på randa av konkurs, som OpenAI gjer ganske ofte, så må ein nærast gjera kva som helst så lenge det er lov, seier Strümke til NRK.






















