Åtvarar om krokodiller etter kraftig flaum i Australia

Kraftig regn har ført til flaum i nordlege delar av Australia. Over 1000 menneske er evakuerte, og politiet åtvarar folk mot å gå ut i vatnet fordi det kan vera krokodiller der.

I helga kom det veldig mykje regn i nord i Australia. Det førte til flaum fleire stader, skriv NRK.

Over 1000 menneske har måtta forlata heimane sine. Mange av dei vart henta med fly eller helikopter.

Byen Katherine er hardast ramma av regnet. Der har det ikkje regna så kraftig sidan 1998.

100.000 krokodiller

Politiet åtvarar folk om å vera forsiktige. Etter flaumen kan krokodiller ha komme nærare stader der menneske bur.

– Det er krokodiller absolutt over alt. Ver så snill å ikkje beveg dykk i vatnet, seier Shaun Gill frå politiet i Katherine.

Det er grunn til å tru at det finst meir enn 100.000 ferskvatns- og saltvasskrokodiller i Australia. Derfor er det viktig at folk held seg unna vatnet etter flaumen.