250 000 menneske på flukt frå flaum i Somalia

Nesten ein kvart million menneske er drivne bort frå heimane sine etter at elva Shabelle har fløymt over.

Byen Beledweyne i dei sentrale delane av landet står under vatn, skriv Reuters.

– Heile byen var under vatn. Beledweyne vart til eit hav, seier butikkinnehavar Ahmed Nur til nyhendebyrået.