Flaumkatastrofe i Nigeria

Måndag vart det stadfesta at over 600 personar mista livet i flaumen som ramma landet i september. 

Vanlegvis startar regnsesongen i Nigeria i juni, og varer gjennom sommaren. I år kom dei tyngste byene frå august.

Meir enn 1,3 millionar menneske skal vere tvinga til å forlate heimane sine, skriv NTB.

Regnet har også påverka jordbruket. Nesten 110 000 hektar med jordbruksland er øydelagt, som kjem til å ramme prisen på ris. Nigeria har frå før forbode risimport for å stimulere eigen produksjon.

Ifølgje FN og Verdas matvareprogram er Nigeria blant seks land med høg risiko for grov hungersnød.