Forsvarsdepartementet svarar: Kan det blir krig i Noreg?

Når krig og konfliktar plutseleg kjem nært, er det normalt å bli uroleg. Men krig i Noreg eller ein tredje verdskrig er heldigvis ikkje sannsynleg.

Tips til korleis du vernar deg mot sterke inntrykk

  • Prat om det: På den måten får du meir kunnskap om det som skjer, og du slepp å sitja med alle spørsmåla åleine. Fortel familie, venner, ein lærar eller helsesjukepleiar om bekymringane dine.
  • Skjerm deg: Viss nyheitene gjer deg uroleg, kan det vera lurt å ta nokre pausar frå TV-kanalar og sosiale medium.
  • Lev som normalt: Det er heilt greitt å gjera vanlege ting, sjølv om du bryr deg om det som skjer i verda. Du kan kjenna omsorg og medkjensle for dei som er ramma, samtidig som du har det bra i din eigen kvardag.
  • Alle kjensler er normale: Om du ikkje kjenner deg ramma av det som skjer, er det også heilt normalt. Me menneske vernar oss sjølve gjennom å distansera oss frå vonde ting.
  • Ver der for kvarandre: I Noreg er det mange som aldri har opplevd krig før, men det er også mange som har flykta frå krig – eller som har nær familie og venner i krigsområde. Når ein krig er nær oss, kan det kjennast ekstra skremmande for oss alle. Då er det viktig å støtta kvarandre og ta omsyn til kvarandres reaksjonar. Om du kjenner nokon som har familie eller venner i krigsområde kan det vera godt med litt ekstra støtte frå deg.

Treng du ekstra støtte?

  • Dersom du skulle oppleva situasjonen spesielt vanskeleg, er det viktig å fortelja nokon om det du kjenner, og få hjelp om du skulle trenga det.
  • Du kan snakka med venner eller ein vaksen du stoler på. Du kan også chatta eller ringja Sidetmedord.no, Kors på halsen, Snakkompsyken og SOS-chat.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ung.no har snakka med Forsvarsdepartementet som svarar på spørsmål som mange barn og unge lurer på om krig. Her kan du sjå kva dei svara: 

Blir det krig i Noreg?

Med fleire krigar i verda er det naturleg å engsta seg for at det kan bli krig i Noreg.

Forsvaret ser ingen umiddelbar fare for at det skal bli krig her heime, men me skal vera bekymra for det som skjer rundt oss.

Me merkar konfliktar i Europa indirekte, mellom anna gjennom auka prisar og eit auka tal flyktningar frå Ukraina.

Noreg er beskytta av NATO

Det er også viktig å understreka at Noreg er medlem av NATO, den sterkaste militæralliansen i verda, noko som gjer terskelen for å trua eller angripa Noreg svært høg.

Noreg trenar ofte saman med Nato-land slik at me er godt rusta til å kunna forsvara oss dersom det krevst. Me er altså godt beskytta av forbundsfellane våre.

Samarbeidet med USA betyr mykje for norsk tryggleik

USA er framleis sterkaste medlemsland i NATO, og betyr mykje for norsk tryggleik. Forsvaret har eit tett og godt samarbeid med USA, som ventar at Noreg bidreg til å følgja med på kva som skjer i nord. 

Noreg ønskjer også at USA skal halda fram med å vera ein viktig partnar i NATO.

USA prioriterer annleis no

USA har endra tryggingsstrategien sin. No fokuserer USA meir på å verna seg sjølv, stoppa Kina og byggja opp sin eigen forsvarsindustri. Dei vil framleis vera med i NATO og Europa, men ventar at europeiske land tek meir ansvar. Og det gjer me.

Styrkjer Noreg eige forsvar?

Stortinget har vedteke at det skal satsast mykje på Forsvaret i tida framover. Forsvaret skal bli større i form av fleire vernepliktige (dei som utfører militærteneste som til dømes førstegongstenesta) og tilsette, og det skal kjøpast inn mykje nytt materiell.

Kvart einaste år kallar Forsvaret inn omtrent 10 000 unge kvinner og menn til teneste. Lengda på førstegongstenesta er i hovudsak eitt år.

Etter gjennomført førstegongsteneste inngår du som ein del av ein styrkereserve som Forsvaret kan kalla inn dersom det er behov for det, til dømes ved krise eller krig.

Kva skjer dersom det blir krig i Noreg?

Dersom det skulle bli krig i Noreg, må forsvaret sjølv forsvara Noreg før NATO-styrkane kjem. Dette er noko forsvaret øver på gjennom store øvingar, også saman med NATO og allierte.

Forsvaret har fem hovudoppgåver som mellom anna inneber å passa på at ingen tør å angripa landet vårt. Forsvaret er på vakt heile tida, og følgjer med på kva som skjer i det digitale rommet, i lufta, på landjorda og på sjøen.

Me bur i eit veldig trygt land, og det jobbar Forsvaret for å halda oppe.

Kan det bli ein tredje verdskrig?

Sjansane for at det bryt ut ein tredje verdskrig er liten. Forsvaret si viktigaste oppgåve er å ta vare på Noregs fred, og forhindra at det blir krig. Forsvaret i Noreg følgjer med på situasjonen både i Noreg og ute i verda kvar einaste dag.

Oppgåva deira er å trena, øva og stå klare dersom noko skulle skje, også når det ikkje er ein uvilkårleg fare for krig i Noreg.

Kva gjer me eigentleg når det er krig?

I Noreg har me noko som heiter totalforsvaret, som er eit samleomgrep for det militære Forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg. Beredskap handlar om å vera førebudd eller klar viss noko uønskt skulle skje. Det betyr at Forsvaret og sivilsamfunnet samarbeider ved ei krise eller krig.

Sivilforsvaret varetek behovet til befolkninga for vern ved krig, til dømes evakuering eller medisinsk hjelp.

Sjølv kan du førebu deg gjennom å ha eit eige beredskapslager med mellom anna mat og vatn. Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudd på å klara seg sjølve i ei veke.

Hugs kjeldekritikk

Det er jobben til dei redaktørstyrte media å dekkja det som skjer, og jo meir alvorleg det som skjer er, jo større dekning vil det vera. Døme på redaktørstyrte medium er NRK, TV2, VG og Aftenposten.

Samtidig finst det dessverre mykje feilinformasjon og falske nyheiter der ute. Det er derfor svært viktig å sjekka kvar informasjonen kjem frå – og om du kan stola på at informasjonen du får er sann.

Dekninga til norske kjende mediehus kan me stola på. Om du berre får med deg litt nyheiter her og der, kan fantasiar og misforståingar fort gi unødvendig frykt og uro. Då er det lurt å få ein vaksen til å forklara kva som skjer, så du ikkje sit åleine med mange spørsmål.