Angrepet på Iran: – Ein kan ikkje bombe seg til fred og demokrati

Solidaritetsungdommen kritiserer helgas angrep på Iran: – Det er skummelt å sjå USA ta seg fridommen til å invadere og redigere regime i andre land nok ein gong.

– Vi blir skremde av å sjå kor lett det er for verdsleiarar å trykke på den store raude knappen, med null respekt for demokratiske spelereglar og folkeretten, uttalar leiar Sarah Taif og nestleiar Maria Abdallah i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom i ein e-post til Framtida.no.

USA og Israel angreip fleire iranske byar, inkludert hovudstaden Teheran, med kampfly laurdag morgon. Målet med operasjonen, som USA kallar «Episk vreide», er å øydelegge missilar og hindre at Iran skaffar seg atomvåpen. Iran har svart med luftangrep på fleire amerikanske basar, Israel og fleire land på den arabiske halvøya.

– Det er skummelt å sjå USA ta seg fridommen til å invadere og redigere regime i andre land nok ein gong.

Solidaritetsungdommane meiner verda har sett nok av USA sine «såkalla fredsoperasjonar», men har aldri sett at dei klarar å skape fred. Dei viser til at både USA og Israel har atomvåpen, og kallar det dobbeltmoral når dei angrip Iran på grunn av frykt for atomvåpen.

– Ifølge både Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) og amerikansk etterretning er det ikkje bevis på at Iran har eit aktivt atomvåpenprogram. Difor framstår det hult når desse to atomvåpenstatane bombar Iran.

Dei fryktar store humanitære kostnader når ei rekke land no er involverte i konflikten.

Les heile saka til Framtida.no her!