Netflix truar med rettssak mot TikTok-selskap

Netflix, den store tenesta der du kan sjå filmar og seriar, har sendt eit brev til det kinesiske teknologiselskapet ByteDance. ByteDance eig mellom anna appen TikTok.

Netflix har sendt brev fordi ByteDance har laga eit nytt program med kunstig intelligens. Programmet kan laga korte videoar som liknar veldig på Netflix-seriar — utan at Netflix har sagt ja til det, skriv Tek.no.

Netflix seier at dei ikkje har gitt lov til at innhaldet deira blir brukt på denne måten. Derfor krev dei at ByteDance sluttar å bruka kunstig intelligens til å laga slike videoar, fjernar alt som allereie er laga, og forklarer kva som har skjedd.

Om ikkje dette skjer, seier Netflix at dei kan gå til rettssak.