Karnevalstida i New Orleans blir kalla Mardi Gras. Det er fransk for «feitetysdag», som i år er tysdag 17. februar. Etter denne dagen er karnevalstida over.
Mardi Gras blir feira med paradar, ball og kasting av perlesmykke i grønt, gull og lilla til publikum. Perlesmykka var opphavleg laga av glas, men i dag er dei av plast. Mange som ser på paradane og fangar smykka, tar dei med seg heim. Men fleire smykke hamnar i naturen som søppel.

Plast kjem frå olje, og kan ikkje brytast ned i naturen. Nyheitsbyrået AP skriv at for eit par år sidan fann ein heile 46 tonn perlesmykke som stoppa til avløp.
I fjor forbaud ein av karnevalsorganisasjonane plastikksmykke frå sin parade. Men det vil framleis bli kasta perlesmykke frå årets parade. Dei vil nemleg kaste nedbrytbare perler.
Paradane vil kaste «Plant meg perler»
Dei biologisk nedbrytbare perlene er utvikla ved Louisiana State University. Perlene er 3D-printa av eit materiale som er laga av stivelse. Kvar perle inneheld frø frå okra. Okra er ein plante som kan etast.
Smykka har fått namnet «PlantMe Beads», som betyr «Plant meg perler». Når smykka blir planta i jorda, tiltrekker frøa seg bakteriar som bryt dei ned.
Studentane ved Louisiana State University har laga 3 000 smykke i år.






















