5 ting du ikkje visste om hjernen

Hjernen din styrer alt du gjer – frå tankar og kjensler til rørsler og draumar. Men visste du at han kan bli sterkare av trening, senda signal i superfart og jobba sjølv når du søv?

1. Hjernen jobbar heile tida
Sjølv når du søv, er hjernen aktiv og ryddar i minne, tankar og inntrykk frå dagen.

2. Signala går superfort
Nervecellene kan senda beskjedar raskara enn ein racerbil køyrer.

3. Du har milliardar av nerveceller
Hjernen din består av rundt 100 milliardar små celler som samarbeider heile tida.

4. Du kan “byggja” hjernen sterkare
Når du øver og lærer noko nytt, lagar hjernen nye koplingar. Øving gjer deg faktisk smartare.

5. Trening hjelper tankane dine
Når du rører på deg, får hjernen meir energi – og det blir lettare å konsentrera seg etterpå.

Kjelde: National Geographic Kids