Arktis kan få tusenvis av nye planteartar

Over 2 500 planteartar har høve til å spreia seg og klara seg i Arktis. Det kan gå ut over plantane som allereie lever der.

Arktis er veldig langt nord på jorda, og her er klimaet vanlegvis kaldt. Men forskarar har no funne ut at mange framande plantar kan klara seg i det varmare klimaet som kjem, skriv Forskning.no.

Forskarane har sett på omtrent 14 000 planteartar som ikkje høyrer naturleg heime i Arktis. Av desse har 2 554 artar ein «klimatisk nisje» som passar for dei i dagens Arktis. Det betyr at dei kan overleva der om dei kjem seg dit.

Forskar Kristine Bakke Westergaard seier til Forskning.no at planteartane kan komma til Arktis på mange måtar, til dømes ved at dei blir tekne med menneske som reiser dit.

Noreg er spesielt utsett

Resultata viser at enkelte stader i Arktis har mange planteartar som kan trivast der. Noreg er eitt av desse områda. Det betyr at Noreg, og område som Svalbard, kan få fleire framande plantar i framtida.

På Svalbard kan 86 framande artar finna seg eit klima som passar, ifølgje forskarane.