Alexander Read er trebarnsfar og foredragshaldar. I eit innlegg på Instagram reagerer han på fråværet av leikande barn ute i snøen:
– Ein skulle tru at all denne herlege snøen fekk barn i alle aldrar til å kle på seg og leke ute. Men sånn er det altså ikkje lenger. Uteleiken, og leiken generelt er nesten borte. Gradvis meir og meir over dei seinare åra. Eg har følgt utviklinga tett gjennom jobben min som utandørsterapeut og samfunnsengasjert ekspedisjonsmann og far, skriv han.
Mindre vanleg å leike ute
Han meiner uteleik har vorte mykje mindre vanleg, og forskinga er også samd i dette, skriv VG.
Forskarar har nemleg sett på kor ofte barn er ute i naturen. I 2013 var det 24 prosent som sjeldnare enn månadleg leika eller oppheldt seg i naturområde, i 2023 hadde denne andelen stige til 39 prosent, viser forsking frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).
– Barna våre taper på dette, seier han.
Viktig uteleik
– Det er alarmerande med tanke på barns utvikling, seier NINA-forskar Vegard Gundersen, som har leidd forskingsarbeidet til VG.
– Uteleiken og den frie leiken er viktig for å byggja ferdigheiter.
Han seier til VG at det er bra for kroppen å leika ute, fordi barn blir flinkare til å bruka kroppen sin. Samtidig er det også bra for kjenslene, fordi barn lærer å klara ting sjølv og å vera saman med andre.
- LES MEIR: Mina meiner mat smaker betre på tur





















