Sjekkar tryggleiken på norske leikeplassar

Ingen veit kor mange barn som skader seg på norske leikeplassar. No sjekkar styresmaktene kor trygt det er for norske barn å leika på leikeplassar rundt i heile landet.

Det blir stilt strenge krav til korleis leikeplassar vert bygd. Utstyret skal vera trygt å bruka for alle barn. Men, det er likevel ingen som har oversyn over kor mange barn som blir skadd når dei brukar leikeplassane.

– Ingen veit kor mange som skadar seg i samband med ulykker på leikeplassar i Noreg. Registreringa av skadar er for dårleg, opplyser forskar Eyvind Ohm i Avdeling for helse og forskjell i Folkehelseinstituttet (FHI) til Dagsavisen.

Derfor skal styresmaktene no sjekka utstyr på leikeplassar i heile landet. Både i barnehagar, offentlege parkar og i leikeland.

Stort ansvar

Dagsavisen har også snakka med organisasjonen Bad, Park og Idrett, som mellom anna jobbar for å auka tryggleiken på leikeplassar. Dei er einige i at leikeplassar treng strengare oppfølging.

– Det er ikkje alle som er klar over ansvaret med å eiga og drifta ein leikeplass, og at det er krav til ettersyn og vedlikehald, seier Nina Forberg Edwardsen, dagleg leiar i Bad, Park og Idrett.

Viss barn blir skadde som følgje av manglande etterleving av desse krava, kan det få alvorlege konsekvensar òg for dei ansvarlege.