VÅRTEIKN: Tips til ein uteleik!

Her er eit tips til uteleik no som våren kikkar fram. Kva tenkjer du er det beste vårteiknet?

Bomgøymespel er ein leik for 5-6 personar eller fleire. Samle saman nabogjengen, vener eller familie – og spring ut for å leike!

Reglar:

  • Ein tel til dømes til 50, medan resten spring og gøymer seg.
  • Den som har han står ved ein “bom”. Det kan vera ein postkasse, ein stein, lyktestolpe, eller noko anna.
  • Når den som står oppdagar ein av dei som har gøymt seg, må han springa til bommen og ropa namnet høgt (”Bom for Petter”) medan han tar på bommen.
  • Den som er blitt sett, kan viss han er rask nok, rekka fram til bommen først og ropa “Bom fri” og kan gøyma seg igjen.
  • Dette gjeld også for dei som ikkje er blitt sett. Dei kan, medan den som leitar er litt langt vekke frå bommen, springa fram og bomma seg sjølv fri. Når den som har han har tatt alle, skal den som blei tatt fyrst, stå neste gong.

Kva er det beste vårteiknet?

Kva er det beste vårteiknet?

Bar asfalt2
Isen smeltar0
Snøklokker blømer0
Kvitveisen blømar1
Påska kjem1
Softis1
Varmare dagar1
Pollenallergi0
Lam1
Gåsungar2
Knoppar på trea2
Ein kan gå i shorts2
Svar totalt: 13