Små barn lærer seg nye ord ved å høyre at andre bruker dei. No viser det seg at nokre geni-hundar også kan lære seg nye ord på denne måten.
Forskarar veit om rundt 50 hundar som kan hugse namna på alle leikene sine. I ein ny studie oppdaga forskarane at desse hundane også kan lære namn på nye leiker ved å tjuvlytte på samtalar, skriv AP.
Fann den nye leika etter å ha lytta til samtalen
I eit eksperiment såg ti hundar eigarane sine halde ei ny leike og snakke til ein annan person om denne leika. Etterpå blei hundane bedne om å gå inn i eit anna rom og hente den same leika, som låg i ein haug av andre leiker.
Sju av hundane lærte namnet på den nye leika berre ved å høyre på samtalen mellom personane.
– Dette er den første gongen vi ser ei spesifikk gruppe av hundar som klarer å lære ord ved å tjuvlytte på samtalar, seier forskar Shany Dror til AP.






















