Psykologar frå Storbritannia har gjort ein studie der dei bad folk om å gjera armhevingar. Nokon fekk lov til å seia eit banneord medan dei gjorde øvinga, medan andre måtte seia eit heilt vanleg, nøytralt ord. Dei som banna, kjende seg både meir sjølvsikre og klarte å halda på lenger!
– Dette er med på å forklara kvifor banning er så vanleg, seier forskaren Richard Stephens Ung.Forskning.no. Han meiner at banning er ein kjempelett måte å få litt ekstra piff på.
Tolte meir smerte
Ein annan studie har vist at folk faktisk tolte meir smerte når dei sa banneord enn når dei sa vanlege ord. Det betyr at banning kan hjelpa hjernen med å fokusera mindre på kor vondt det gjer, slik at du kanskje klarer meir enn du trudde.
Men det er éin viktig ting å hugsa på: Det betyr ikkje at du skal bruka dei styggaste orda heile tida. Det er best å bruka vanleg språk når du snakkar med folk, for ikkje alle synest det er greitt å høyra banneord.






















