Nordsida skule vann skrivekonkurranse med klar melding mot krig

6. og 7. trinn ved Nordsida skule i Stryn kommune vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.

Elevane er veldig fornøgde med å ha vunne skrivekonkurransen i konkurranse med elevar frå heile Noreg.

– Det er heilt fantastisk! seier Loke Oterholt-Tvinnereim.

Klassen synest også det var morosamt å vera med i konkurransen, fortel lærar Cecilie Roset Sandseter.

Jakob Rand Roset syntest det var fint å kunne gjera noko anna enn å ha vanleg norsk.

Premien er 1500 kroner til klassen og eit klassesett av Framtida Junior. No gler dei seg veldig til å bruka pengane på noko hyggeleg saman.

Les dei beste bidraga i skrivekonkurransen og fleire artiklar om krig og fred her!

Artikkelserien om krig og fred er støtta av Fritt Ord.