Forbyr australske barn å bruke sosiale medium

I Australia har unge mellom 13 og 15 år ikkje lenger tilgang til Instagram og Facebook.

Torsdag 4. desember stengde Meta, som eig Instagram og Facebook, kontoane til dei mellom 13 og 15 år i Australia. Frå 10. desember blir sosiale medium forbode for alle australske barn under 16 år. Det skriv NRK.

Det var i fjor at Australia vedtok å forby sosiale medium for barn og unge. Målet er å verne dei mot press og risikoar som dei kan møte. No trer dette forbodet i kraft.