Dyreparken: Sjå gepardbrørne i sin nye heim

Kristiansand Dyrepark har fått to hanngepardar som skal hjelpe med å avle fram fleire gepardar.

Dyreparken jobbar for å verne om gepardpopulasjonen. Difor har dei no fått to hanngepardar frå Wilhelma Zoo i Stuttgart, Tyskland.

I ei pressemelding forklarar parken at det har vore altfor få gepardfødslar dei siste åra, og Dyreparken har vist seg å vere ein av dei få stadane som har klart å avle fram fleire gepardar.

Planen er at hanngepardane, som er brør, skal få ungar med hogepardane som er i parken.

I tillegg vil Dyreparken få endå ein hogepard. Ho kjem frå Sverige. Dette vil bidra endå meir til avlinga av gepardar.

Sjå video her!

Geparden er det raskaste dyret til lands i verda. Dei kan kome opp i ei fart på 100 kilometer i timen.

Arta er rekna som sårbar av Den internasjonale naturvernunionen (IUCN).