– Eg drøymer om at alle barn skal få veksa opp trygt

Aya Alkhaldi jobbar for Redd Barna og har vore i fleire land der barn lever midt i krig. Ho fortel om møte med sterke, modige og håpefulle barn – og kvifor det er viktig at også barn i Noreg bryr seg.

Aya jobbar i Redd Barna, ein organisasjon som hjelper barn og familiar som treng støtte – til dømes med mat, skulegang eller helsehjelp. Ho reiser også til land som er ramma av krig eller jordskjelv, for å sørgja for at barna får trygge stader å vera.

– Me gir barn trygge stader der dei kan leika, kjenna glede og berre få vera barn. Me hjelper også med undervisning og mat, slik at dei held seg friske og sterke, fortel Aya.

Gaza og Syria

Ho har sjølv vore i både Gaza og Syria, og seier at mange barn lever under svært vanskelege forhold.

– Dei må ofte flytta frå heimane sine og kan ikkje alltid gå på skule. Nokon har ikkje nok å eta. Men sjølv om alt er vanskeleg, viser familiane mykje kjærleik, og barna finn måtar å leika og smila på, seier ho.

Foto: Privat

Aya hugsar spesielt godt ein gut ho møtte i Gaza.

– Han hadde ikkje sko, og kleda var rive sund, men han smilte og viste stolt fram fargerike dragar han hadde laga av gamle teltdukar. Han sa at det å fly dei fekk han til å kjenna seg fri. Då forstod eg kor kreative og sterke barn kan vera – sjølv i dei vanskelegaste tider, fortel ho.

Blei sterkare

Ho har også besøkt barn i Syria som fekk spesialmat fordi dei hadde ete for lite.

– Etter nokre veker byrja dei å smila og leika igjen. Mødrene sa dei var så glade for å sjå barna bli sterkare, seier ho.

Aya blir aller mest glad når ho ser at hjelpa verkar.

– Eg liker å hjelpa menneske som går gjennom vanskelege tider. Dei er så sterke og vennlege sjølv når alt er tungt, seier ho.

Men noko gjer henne også trist.

– Eg blir lei meg når folk tenkjer at dei ikkje skal hjelpa fordi dei som treng hjelp bur langt unna eller er annleis enn oss. Menneske er like overalt og fortener omsorg og vennskap, seier Aya.

ØYDELAGT: Her er Aya på besøk på ein skule i Rural Damaskus i Syria. Foto: Privat

Norske barn kan hjelpa

Ho meiner barn i Noreg også kan bidra.

– De kan snakka med foreldre og lærarar om kor viktig det er å støtta barn som lever i krig. De kan samla inn leiker, bøker eller klede, eller delta i innsamlingar på skulen. Sjølv det å snakka om det, hjelper med å spreia vennskap, seier Aya.

Ho har eitt stort ønske for framtida:

– Eg drøymer om at alle barn skal kunna veksa opp trygt, gå på skule og følgja draumane sine – anten dei vil bli lærarar, legar eller kunstnarar. At dei kan bli akkurat det dei vil.

SKULE: Aya på besøk på ein skule i Rural Damaskus i Syria.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.