Om psykolog Charlotte Mjelde:
- Charlotte er psykolog og mamma til tre barn.
- Ho har skrive fleire bøker, mellom anna
Mange barn blir redde når dei høyrer om krig og vonde ting på nyheiter. Kva kan dei gjera for å kjenna seg tryggare igjen?
– Det hjelper å snakka med ein trygg vaksen. Fortel kva du har høyrt, og kva du tenkjer om det. Då kan de finna ut saman kva som faktisk stemmer, og kva som berre kjennest skummelt. Det gir hovudet ro.
Kvifor blir me redde for ting som skjer langt borte – som krig i andre land?
– Fordi hjernen vår prøver å passa på oss. Når me høyrer om noko farleg, trur me kanskje det kan skje her òg. Men det betyr ikkje at det gjer det. Å vita at me bur i eit trygt land hjelper kroppen å forstå at du er trygg.
Kva kan barn gjera når dei kjenner at tankane berre går rundt og rundt i hovudet?
– Då kan det hjelpa å snakka om det, eller gjera noko du liker som får tankane over på noko anna, det kan vera å teikna, høyra på musikk, spela eit spel eller klemma nokon du er glad i.
Nokre barn prøver å ikkje tenkja på krig i det heile teke. Er det lurt?
– Ja, det er heilt greitt. Det er dei vaksne som skal passa på at det er fred og at barn har det bra. Di viktigaste oppgåve er å vera barn: leika, le og gjera ting som gjer deg glad.
Finst det noko barn kan gjera sjølv for å kjenna seg litt betre?
– Ja, det hjelper å gjera noko fint for andre. Kanskje vil du teikna ei teikning til barna som er i krig, samla inn klede eller pengar, eller berre vera snille mot nokon. Det gir ei kjensle av håp og at ein faktisk kan bidra.
Kva bør barn gjera viss dei kjennar seg redd om kvelden og ikkje får sova?
– Då kan du be ein vaksen sitja litt hos deg, lesa ei bok eller pusta roleg saman. Du kan også minna deg sjølv på at du er trygg, at det er fred der du bur, og at dei vaksne passar på deg.
Kva kan vera gode ord eller tankar å minnast på når verda kjennest utrygg?
– Du kan seia til deg sjølv: «Eg er trygg her eg er.» Eller: «Det finst mange vaksne som jobbar for fred.» Det hjelper å hugsa at det alltid finst menneske som prøver å gjera verda betre.
Er det viktig å snakka med nokon om kjensler, sjølv om det kan vera vanskeleg?
– Ja, veldig. Når du set ord på det som er vanskeleg, får kjenslene plass og mistar litt av krafta. Det er mykje lettare å bera noko når ein ikkje ber det åleine.
Om du skulle gi eitt råd til alle barn som kjenner seg utrygge på grunn av krig – kva ville det vore?
– Snakk med ein trygg vaksen om det du lurer på. Du treng ikkje forstå alt, og du er trygg her du bur. Hugs at det alltid er mange vaksne i verda som jobbar for at barn skal ha det bra.





















