Boka handlar om Bastian, som opplever noko uhyggjeleg i fornøyelsesparken då eit spøkelse flyttar inn i hovudet hans! Forfattaren henta inspirasjon frå eigne dagar som Tusenfryd-tilsett, og meiner det er nettopp det rare blandinga av skrekk og moro som gjer historia levande.
Namn: Elin Viktoria Unstad
Alder: 47
Aktuell med: Død og radiobiler
Kva handlar Død og radiobilar om – med dine eigne ord?
Bastian er så heldig at han skal i underhaldningsparken kvar dag den siste veka før skulen startar. Men så skjer det noko uventa og uhyggjeleg der, i radiobilane, og etter det går veka hans dårlegare og dårlegare. Eit spøkjelse har festa seg inne i hovudet hans. Det vrir og vrengjer på tankane, humøret og personlegdommen hans. Eigentleg er Bastian berre glad. Men no slit han med å halda fram med det.
Kor fekk du ideen til boka frå?
Då eg var ungdom, jobba eg på Tusenfryd, i attraksjonsavdelinga, som vil seia at eg fekk styra alt det gøye i parken. Eg har mange gonger tenkte at det er ein kul stad for ei bok, og då spesielt for grøssarar, fordi det passar så dårleg, og derfor perfekt, med grøss i det gøye. Det er forresten ikkje berre ein fryd å jobba i underhaldningspark. Av og til må ein også tørka opp rosa spy.
Korleis var du sjølv som barn?
Eg var nysgjerrig og likte å læra om mange ting. Til dømes laga eg mitt eige leksikon over greske gudar. Eg var aktiv og prøvde ut mange ulike aktivitetar, mellom anna dans, tennis, handball, piano og korps. Eg var sprudlande og glad, og eg var veldig glad i å lesa. Eg las så mykje at eg stundom hadde med ei bok overalt og ein og annan gong krasja i ein lyktestolpe.
Liknar du på nokon av karakterana i boka? Eller er noko av handlinga henta frå eige liv?
Nei, eg trur ikkje eg liknar spesielt mykje på ein av karakterane. Bastian sitt liv er ganske langt unna mitt. Likevel kjem alt eg skriv frå meg, spesielt gjeld det kjenslene karakterane mine har. Men eg har ikkje opplevd å ha eit spøkjelse i hovudet. Heldigvis! Men eg har vore livredd av andre grunnar.
Kva håpar du at barn skal sitje igjen med etter å ha lesa boka?
Eg vil gjerne at dei skal tenkja over at barn lever ulike liv. At ikkje alle er like. Det er ofte lett å tru at alle er som deg, men sånn er det jo ikkje. Og dette er ei av styrkane til bøker, at dei lèt deg oppleva andre ting, gjennom fantasien.
Var det noko som var ekstra vanskeleg å skriva om?
Det var trist å skriva om fattigdom, for eg vil jo gjerne at barna eg finn på også skal ha det bra. Men det blir ikkje så interessante bøker av at alle skal vera lykkelege heile tida. Det var også vanskeleg å skriva om at veslebroren blir skadd i boka, spesielt fordi det nesten er Bastians skuld. Då hadde eg litt lyst å gjera han frisk og rask med ein gong.
Har du nokon gong opplevd noko som liknar på det som skjer i boka?
Nei, det har eg ikkje. Eg trur ikkje på spøkjelse på den måten dei oftast opptrer i bøker og på film. Eg kan godt tru at det finst meir mellom himmel og jord enn me kan sjå og bevisa, men eg trur ikkje eit menneske som døyr endar opp med å henga rundt etterpå, og i alle fall ikkje sånn at nokon kan sjå dei.
Kva råd har du til barn som drøymer om å bli forfattarar?
Rådet er å lesa mykje og å skriva mykje. Du kan skriva om kva som helst, så ikkje tenk at det skal vera realistisk eller sånn som andre bøker. Skriv ei bok om ein dinosaur som blir filmstjerne eller om nokon som finn ut at leverpostei eigentleg er laga av rotter. Fortel gjerne historiene dine til venner eller foreldre eller eit tre. Be dei gjerne om å lesa noko òg (ikkje treet).
Kva bok gjorde sterkast inntrykk på deg då du var barn?
Brørne Løvehjarte av Astrid Lindgren gjorde så sterkt inntrykk på meg at eg hugsar kor trist det var. Eg hugsar framleis biletet eg fekk i hovudet i den eine scena, og eg hugsar ikkje alltid mykje frå bøkene eg har lese, så det må ha vore ordentleg sterkt.
Fullfør setninga: Det beste med å lesa ei bok er …
..at orda i ho forvandlar seg til ei historie inne i meg.
Kva tre barnebøker vil du tilrå?
- Mitt liv som katt av Elin Hansson.
- Spøkjelsesbyen av Victoria Schwab.
- Percy Jackson og Lyntyven av Rick Riordan.
Kva meiner du at ei god barnebok MÅ innehalde?
Ho må ha ein karakter eg blir nysgjerrig på og ei historie eg vil vera med på å oppleva.






















