Korleis jobbar Noreg for å skapa fred i verda? Kan du forklara litt om kva Noreg faktisk gjer når det blir krig mellom land?
– Når det blir krig, prøver Noreg å hjelpa partane med å snakka saman. Det er ofte lettare å snakka saman når det er nokre andre til stades, slik at dei som krigar med kvarandre kan bli samde om å avslutta krigen. Dette er ikkje så lett. Av og til får me det til, som i Colombia, medan andre gonger får me det ikkje til. Det betyr ikkje at me skal slutta å prøva.
Noreg har ofte vore med som fredsmeklar i andre land. Korleis fungerer diplomati eigentleg? Kva gjer ein diplomat for å få folk til å snakka saman i staden for å slåst?
– Ein diplomats viktigaste oppgåve er å snakka med mange ulike menneske og få folk til å snakka saman, bli samde og laga avtalar. Me inviterer folk til å møtast, me lyttar til dei ulike menneska, og så prøver me å forstå kvifor dei kranglar med kvarandre. Nokre gonger så hjelper me dei å finna ut kva dei kan bli samde om og så byggjer me vidare på det. Eigentleg så lyttar ein meir enn ein snakkar. Me kallar det for å leggja til rette. Det betyr at me legg til rette for at partane skal møtast og snakka saman og forhåpentleg bli samde om fred.
Er det mogleg å få til fred der hatet er veldig sterkt?
– Ja, men det kan ofte ta lang tid. Hat kjem ofte fordi ein har det vondt eller fordi ein er redd. Ein må stundom tenkja veldig langt fram, til dømes på barna sine eller på barnebarna, og at dei skal få leva i fred og tryggleik. Då går det an å gi plass til andre kjensler enn hatet.
Kva er det første steget for å starta ein fredsprosess?
– Det første steget er at ein blir samde om å møtast og at ein å tør å snakka saman. Det kan høyrast veldig enkelt ut, men eg veit frå erfaring at det er veldig vanskeleg for mange. Ingen fred kjem utan dialog og møteplassar.
Korleis kan små land som Noreg ha noko å seia i store konfliktar?
– Eit lite land som Noreg blir ofte føretrekt fordi mange ser på oss som nøytrale. Me tek ikkje parti og lyttar heller enn å bestemma. Me prøver rett og slett å vera hjelparar, utan å tenkja på oss sjølve.
Kvifor lyttar andre land til oss?
– Fordi folk ser at me er tolmodige, og at me er ærlege. Andre land har også sett innsatsen me har lagt ned i andre land og fredsprosessane der me har hjelpt til og at det har gitt resultat. Det gjer at folk stoler på oss.






















