Forskarar slår alarm om korallreva

Verdas tropiske korallrev er i ferd med å kollapsa. No åtvarar forskarar om at me har passert eit farleg punkt i balansen til naturen.

Ein ny, stor rapport viser at korallreva i varme havområde er hardt ramma av klimaendringane. Over hundre forskarar frå heile verda har delteke i arbeidet med rapporten, og konklusjonen er tydeleg.

– Dessverre er me no nesten sikre på at me har passert eitt av desse vippepunkta for varmtvatn eller tropiske korallrev, seier forskar Tim Lenton. Han er klima- og jordsystemforskar ved Universitetet i Exeter i Storbritannia og hovudforfattar bak rapporten, skriv VG.

Eit vippepunkt er eit tidspunkt der endringane i naturen blir så store at dei ikkje kan snuast, og systemet tippar over til ein ny og ofte farlegare tilstand.

Korallbleiking

Korallreva er heim for mange fisk og plantar, men når vatnet blir for varmt, mistar korallane fargen sin – dette blir kalla korallbleiking. Ifølgje rapporten har meir enn 80 prosent av korallreva i verda opplevd den mest alvorlege bleikinga nokosinne.

Verdsnaturfondet (WWF) i Noreg kallar funna svært alarmerande.

– Me nærmar oss raskt fleire vippepunkt som kan forandra verda vår, med øydeleggjande konsekvensar for både menneske og natur,» skriv WWF i eit fråsegn til NTB.

Dei meiner landa i verda må slutta å bruka kol, olje og gass, og heller satsa mykje meir på fornybar energi. WWF ber også Noreg seia nei til ny oljeleiting.