Klokka 11:00 fredag 10. oktober kom nyhende om kven som har blitt tildelt Nobels fredspris.
Det var María Corina Machado frå Venezuela som fekk den gjæve prisen.
Komiteen som vel kven som skal vinne, fortel at Machado vann prisen på grunn av hennar arbeid for å forsvare demokratiet i Venezuela.
I det siste året har Machado fått drapstrugslar og har måtte leve i skjul.
Utrøytteleg arbeid
I grunngjevinga si, skriv den norske Nobelkomité:
«Ho får prisen for sitt utrøyttelege arbeid for å sikre demokratiske rettar for folket i Venezuela, og for sin kamp for ein rettferdig og fredeleg overgang frå diktatur til folkestyre.»
Eit diktatur er ein måte å styre eit land på der folket ikkje er med og bestemmer.
Den norske Nobelkomité er sett saman av styreleiar Jørgen Watne Frydnes og fem andre personar. Det er dei som bestemmer kven som får prisen.
Prisen vil bli delt ut i Noreg på Alfred Nobel sin dødsdag, 10. desember.
Nobels fredspris 2024
I fjor vann organisasjonen Nihon Hidankyō prisen for deira mål om nedrusting av atombomber og bodskap om å aldri gløyme atombombene som var sleppt over Hiroshima og Nagasaki i Japan.






















